Informasjonsbank – nynorsk

Trykk her for informasjonsbanken på bokmål. Her finn du også filmar eigna for sosiale medium.

Bilete og tekst på denne sida kan fritt nyttast av avfallsmottak på deira nettsider, i sosiale medium og i andre kanalar. Vel format og design som passar dykk best.

Målgruppa er avfallsmottaket sine abonnentar og kundar. Formålet er å sikre trygg handtering og informere om kasserte vindauge og ruter, også det som ikkje er PCB-ruter.

Trykk på dei blå knappane for å opne i nytt vindauge, slik at du sikar god oppløysing når filene blir lasta ned. Det er gratis å laste ned materialet.

ENKELTSTÅANDE BILETE

Bilete 1

Bilete 2

BILETSERIAR

Ruteretur finns i ulike sosiale medium:

ANBEFALT TEKST OM PCB-RUTER

For å sikre lik og god informasjon om PCB-ruter, har Ruteretur utarbeidd følgjande tekstforslag til å nytte på avfallsmottaka sine nettsider:

PCB-ruter er farleg avfall, og skal i likskap med andre vindauge leverast heile til gjenvinningsstasjonen.

PCB-ruter er vindauge eller ruter (isolerglasruter) produsert i Noreg frå og med 1965 til og med 1975, og importerte isolerglas produsert fram til og med 1979. Produksjonsåret står som oftast i metallista mellom glasa. Det er fugelimet bak metallista som inneheld miljøgifta PCB.

Ruteretur er ansvarleg for vidare innsamling og behandling av PCB-ruter. Glaset materialgjenvinnast, og miljøgifta PCB destruerast i forbrenningsomn for farleg avfall. For meir informasjon, sjå www.ruteretur.no.

VI GJØR PROBLEMAVFALL TIL
RESSURSER